Siloen gardsbutikk

Siloen gardsbutikk

Siloen er berre ein halvtimes køyretur frå Bø og halvannen time frå Skien. Og om du køyrer E 134 over Haukelifjell, køyrer du rett forbi. Kom og sjå på alt det fine me har, samtidig som du kan kople av litt og strekke på beina.

Etter ein trivelig prat i solveggen ved låven på Heggtveit, sa me litt tilfeldig: - Kanskje me skal ha eit lite utsalg her av egg og heimelaga ting. Dermed var det gjort. Ida og Jørund overtok ein gard i 2013 med storfe og sau. Dei bygde nytt stort hønsehus, så derfor har me alltid ferske gardsegg i Siloen. Bjørg tok stadig imot bestilling på forskjellige heimelagde ting, slik som interiør og litt håndarbeid som hekling og sying.

Me rydda og stelte istand ein liten del av låven, ein silo og ein stall, det blei Siloen Heggtveit gardsbutikk.

Me åpna oktober 2013, og solgte fort ut det heimelaga. Siloen blei mykje større enn me fyrst tenkte og tida strakk ikkje til for å produsere varer. Sjølv om Bjørg stadig trur at ho skal får meir "tid til å lage ting" ... me får sjå. Derfor er me så glade for å finne så mange fine forhandlere. Og me er ekstra glade når me finn miljøvennlige varer, fair traide, norsk design og gjerne økologiske varer.

Me har eit ønske om at folk skal føle seg velkomne og trivast her, og legg vekt på å gode kvalitetsvarer. Me støtter og gjerne tiltak der me kan bidra med å for eksempel selge varer for vanskeligstilte eller sende litt penger der det trengs.

http://www.siloen.no
  • Siloen gardsbutikk
  • Siloen gardsbutikk
  • Siloen gardsbutikk
Additional Information
Landsdel:
Telemark⁣
Merker:
Fiam

Siloen gardsbutikk

Bygdaråvegen 550

3840 SELJORD

Jeg samtykker til  innsamling og behandling av mine personlige data.